Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Statkraft melder om endra manøvreringspraksis

Etter flaumen den 14. oktober i år, endrar Statkraft sin generelle manøvreringspraksis i forhold til alltid å oppretthalde ei viss magasindemping (50 millionar kubikk meter) oppstraums Vinje kraftstasjon.

Endringa består i at noko av det totale dempevolumet vert lagt spesifikt til Ståvatn/Kjelavatn (ca.10 Mm3) og noko lagt spesifikt til Bordalsvatn (ca.5 Mm3). Med andre ord, eit meir detaljert oppsett på kor vi skal ha fribord til lagring av vatn i flaumsituasjonar.

Med denne endringa vil elvane nedstraums dei nemnde magasina få ein slakare stigningstakt enn tilfelle vart denne gong når ekstremnedbøren råka.

Mvh Tore Småmo - Statkraft


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk