Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stor skogbrannfare i Vinje og Vest-Telemark

Det er for tida stor skogbrannfare i Vinje kommune og Vest-Telemark.

Torsdag var det brann aust for Mauretjønnroi på Grungedalstangen. Brannhelikopter vart rekvirert til slokking, og dette frakta inn slokkeutstyr til brannmannskapa. Etterslokking pågår så lenge dette er naudsynt. Sivilforsvaret står også klare om det skulle bli nye hendingar.

Kommunen minner alle om stor skogbrannfare og ber alle vise aktsemd. Fylg med på nyheitssendingar og oppdateringar.

Vinje kommune oppmodar også folk om å bruke vatn med omhu og minner om vatningsrestriksjonar i Åmot, Haukeli/Edland, Arabygdi og Vesås vassverk. Ta kontakt med kommunen om det blir problem med vasstilgang.

skogbrann - grungedal 2Foto: Magnus Barstad
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk