Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Årets Storegutpris til Sondre Bratland

Kvart år vert Storegutprisen tildela den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Sist laurdag var det stor jubel i Edland samfunnshus då den lokale og annerkjente kvedaren, songaren og songpedagogen Sondre Bratland vart heidra med Storegutprisen for 2014.

Viktig ambassadør
I grunngjevinga for tildelinga blir det mellom anna uttrykt at Sondre til fullnad oppfyller vilkåra i vedtektene gjennom formidling til eit stort publikum. Vidare skriv tildelingsnemda:
«Det må og seiast at han har lyft nyare lyrikk fram for oss på ein fin måte, ved dei tonesetjingane han har gjort (…) Det er godt kjendt kva Sondre har utretta som samlar, utgjevar og pedagog når det gjeld norsk folkemusikk. Når me no gjev han Storegutprisen, er det fyrst og fremst for den måten han har nytta målføret sitt og nynorsk skriftmål i møtet med publikum og elevar».

Storegut
«Storegut» eller Olav Olavson Edland var fødd på Nordigard Edland i 1764 og kom bort i 1791. Storegut var ein av dei mange kjempekarane som budde rundt om i bygdene våre i forrige århundre. Mange av desse er gløymde i dag, men Storegut har levd på folkemunne.  Aasmund Olavson Vinje gjorde Storegut kjent langt utover heimtraktene med det store diktverket som kom ut for fyrste gong i 1866. «Storegut» er eit hovudverk i Vinjes dikting.

For å heidre Aasmund Olavson Vinje vert Storegutprisen kvart år delt ut under Litteraturdagane i Vinje. Det er bilethoggar Kjell Grette Christensen som er kunstnaren bak statuetten som fylgjer Storegutprisen

sondre bratland
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk