Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Storegutprisen til Are Kalvø

Litteraturdagane i Vinje delar kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege romet

Odd Nordstoga på vegne av Litteraturdagane i Vinje og Storegutnemnda skriv:

"Det er ei glede å kunngjera at årets «Storegutpris» går til Are Kalvø. Ein meir aktuell vinnar er det vanskeleg å tenkje seg. Are Kalvø syner at nynorsk er eit språk for vår tid, like godt som noko anna til humor og satire, til skjemt med snert og uhøgtidleg alvor. Stilen hans styrkjer omdømet til nynorsk generelt, og ikkje minst lyfter Kalvø fram nynorsken i krinsar og på arenaer der den til vanleg ikkje rår grunnen. Kalvø er av dei beste, ja ein «Storegut» i underhaldningsverda - på sitt felt ein moderne Aa. O. Vinje.

Prisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 27. august kjem Are Kalvø til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på litteraturdagane i Vinje."  



Are Kalvø
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk