Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar

Mottak av kasserte fritidsbåtar

Mindre fritidsbåtar opptil 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis til følgjande betjente avfallsmottak:

Brunkeberg:               Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 08:00 -14:30, torsdag  kl. 08:00 - 19:00
Hovdestadmoen(Åmot): Onsdag kl. 14:00- 19:00
Skårmoen(Fyresdal): Måndag kl. 14:00- 19:00
Vistadmoen(Dalen): Tysdag kl 14:00 - 19:00

Ordninga gjeld ikkje for fritidsbåtar med innanbordsmotor, aluminiumskrog eller for kjøl og innvendig ballast i metall. Båten skal ikkje innehalde avfall og forureiningar som ikkje er ein normalt del av ein fritidsbåt.

Tilskotsordning kr. 1000,- per fritidsbåt, kva må du gjera?

  • Den som leverer fritidsbåten må ta med skjema Fritidsbåtar\Skjema til mottaket for å få stadfesta at båten er levert, alle felt i skjemaet må fyllast ut.
  • Det må leverast eitt skjema per båt. Skjemaet skal leggas ved søknad for refusjon. Du søker om refusjon på Miljødirektoratets elektroniske søknadssenterSøknader utan eller med ufullstendig utfylt skjema for stadfesting, vil ikkje bli handsama.

Søknadsfrist
Det må søkas same år som båten kasserast, i perioden 1. januar til 1. desember kvart år. 

Treng du hjelp?
Spørsmål kring innlevering av fritidsbåtar kan rettast til Renovest IKS, tlf.350 68 000 eller e-post post@renovest.no
Spørsmål kring tilskotssøknad rettas til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post esshjelp@miljodir.no


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk