Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Turkesommar

Me opplever no den tørraste sommaren på lang tid, og dette fører til store utfordringar for landbruket.

Avlingane er svært små, og då dette er ei utfordring for heile Sør-Noreg er det ekstra vanskeleg å få tak i naudsynt fòr. Bøndene må ta fleire vanskelege avgjersler, og nokre kan få store økonomiske utfordringar.  

Vinje kommune ber difor om at ein viser omsyn til dei utfordringar bøndane no har. Det kan også vera utfordringar kring bekkar som er tørre, problem med straumgjerde, vasskøyring til beite, osv. Dyra bryt seg kanskje ut og kjem på plassar dei ikkje burde vera. Ring gjerne og tips bonden om dette, eller ta kontakt med kommunen om du ikkje veit kven sine dyr det eventuelt er. 

Kommunen er informert og klar over situasjonen for bøndane, og dersom nokon treng hjelp, eller ynskjer å snakke med nokon kan ein ta kontakt med kommunen på 35 06 23 00. 

Nyttige lenker:
Landbruksdirektoratet 
Fylkesmannen 
Regjeringa


jordbruk
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk