Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tre vinnarkandidatar frå Vinje

Heile ti prisar og stipend frå fylkeskommunen skal delast ut under arrangementet «Fotavtrykk Telemark» i Ibsenhuset 4. februar.

Fylkeskommunen delar årleg ut ei rekkje prisar og stipend til dyktige telemarkingar – menneske og organisajonar som på sin måte set positive preg på fylket vårt. Bakgrunnen for «Fotavtykk Telemark» er eit ynskje om å samle alle desse utdelingane i ei storstilt feiring av kultur- og samfunnslivet i fylket.

Telemarkhelten og Vidda Vinn er båe nominert til prisen som «Årets reiselivsprodukt», medan Edland barnehage er nominert i kategorien «Folkehelseprisen». Kvar kandidat kan vinne 50.000,- kroner om dei når til topps i kåringa.

Helsefremjande barnehage
Barnehagen er ein viktig helsefremjande og førebyggende arena for utjamning av sosiale helseskilnadar. Difor ynskjer fylkeskommunen å lyfte fram barnehagar som systematisk jobbar for å bidra til god helse og trivsel og som tenkjer helse og helsekonsekvenser i kvardagen. Edland barnehage har stor fokus på psykisk og fysisk trivsel i barnehagen – både for vaksne og born. Dei er glade for at arbeidet deira blir lagt merke til.

- Inspirerande og stor stas, seier barnehagesjef i Edland, Katrine Grindalen. Ho fortel at barnehagen legg stor vekt på eit sunt kosthald, med mykje fysisk aktivitet både inne og ute - gjerne i samarbeid med fysioterapeut og helsesøster.
– Gode resultat kjem ikkje av seg sjølv - me har eit svært ivrande og positivt personale, seier ein stolt barnehagesjef. 
Les meir om Edland barnehage her.

Telemarkhelten
HelteTrippelen er ein annleis og spesiell trippel (ski-sykkel-løp). Med IL Dyre Vaa og Foreningen Tinnløypa i kulissane er ambisjonen  at TelemarkHelten med sin klare familieprofil skal skape sterke opplevingar for aktive mosjonistar frå heile landet. Målet er også å byggje identitet, posisjon og resultat for Telemark og nasjonalpark-kommunene Vinje og Tinn, med ringverknadar for kultur, handel og næringsliv i området.

Les meir om Telemarkhelten her.

Vidda Vinn
Vidda Vinn er eit felles prosjekt og satsing i randområda til Hardangervidda som skal skape vinn-vinn for kommunane Vinje og Tinn. Brei involvering og samarbeid står sentralt i prosjektet. Grunntanken er å leggje til rette for verdiskaping. Gjennom produktutvikling, marknadsføring og samarbeid ynskjer prosjektet å setje Hardangervidda på kartet, slik at både villreinen, grunneigarane, reiselivet og lokalbefolkninga rundt vidda blir vinnarar.

Les meir om Vidda Vinn her.

Vinje kommune ynskjer kandidatane lukke til!

Les programmet for «Fotavtrykk Telemark» her.


Barnehage mat
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk