Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Aktive og glade tilsette i Vinje kommune

I år var det 233 som fullførde trimordninga, det er stabil deltaking og utgjer om lag 40 % av dei tilsette

Vinje kommune har ei trimordning der dei arbeidstakarane som har trimma minst 45 minutt to gonger pr veke i gjennomsnitt siste året, får eit gåvekort frå arbeidsgjevar. I tillegg vert fire flotte premiar gjevne av lokale sportsbutikkar, trekt blant dei som har delteke.

Rådmannen takkar og rosar dei lokale sportsbuiene som kvart år stør opp om ordninga med fine premiar og er med på overrekkinga. 

Resultat av trekkinga

Wenche Almenning, Økonomi, plan og utvikling - sykkel frå Sport1, verdi kr 10.000,-
Rannei S. Nordstoga, Åmot skule - Reisegåvekort sponsa av Herkules Feriesenter, verdi kr 10.000,- 
Jon Hovind Djup, Åmot skule - gåvekort MX Sport Haukeli kr 5 000,-
Oddvin Kollbotn, Tenestetorget - gåvekort Rauland fjellsport kr 5 000,-



Trimkort 2017Frå venstre: Jan Myrekrok (rådmann), Tone Hild Sørland Lyslid (HMS rådgjevar), Oddvin Kollbotn, Wenche Almenning, Rannei S. Nordstoga, Jon Hovind Djup, Kjersti Torvetjønn (Rauland Fjellsport), Malene Tveiten (MX Sport Haukeli) og Toril H.K. Svalastoga (Sport1). Bak: Knut Seltveit( personalrådgjevar)som prøvar å gøyme seg.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk