Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Undervisingsprosjekt om verdsarven

No skal alle barn og unge i verdsarvområdet Vinje, Tinn og Notodden få opplæring i verdsarven med eit nytt undervisingsopplegg

Det skal utviklast undervisingsverktøy og læreplanar om verdsarven som skal brukast frå barnehage til vidaregåande skule. I tillegg vert det lyst ut ei stilling som prosjektleiar for å arbeide med dette. 

Målet er at alle oppveksande generasjonar i verdsarvområdet og i Telemark skal kjenne til verdsarven som fenomen og historie. 

"Nå får vi sjansen til å jobbe målrettet mot de unge slik at de kan se verdien av verdensarven som utgangspunkt for stolthet, identitet, kompetanse og forståelse for bevaring av den unike kulturarven vi har i Telemark", seier verdsarvkoordinator Alexander Ytteborg. Han er svært glad for alle midlane som er stilt til rådvelde lokalt og regionalt for å få dette prosjektet på plass. 

Kan også brukast stadar

Undervisingsmateriellet skal også kunne brukast av barn og unge utanfor verdsarvområdet, og konseptet skal kunne spreiast til andre verdsarvstadar. 

Prosjektet er førebels unikt i Norge, og kan setje Rjukan-Notodden Industriarv i førarsetet for tilsvarande prosjekt på dei andre verdsarvstadane. Prosjektets innhald skal vera samanfallande med tema i Klima- og miljødepartementas basisutstilling for norske verdsarvsteder – ei utstilling som skal formidlast ved alle verdsarvstadane i Norge. 

Banebrytende internasjonalt

Prosjektframlegget vekte begeistring da UNESCO vurderte søknaden om verdsarvstatus i 2014, fortel Ytteborg. Ein samla læreplan med undervisingsopplegg om Rjukan-Notodden Industriarv for barnehage, grunnskole og vidaregående skule er banebrytande, også internasjonalt. 

Meir informasjon

Prosjektplan for undervisingsopplegget om verdsarven.

Kontaktpersonar

Nils Thorbjørn Myhren, Rådgjevar - seksjon for kvalitet og utvikling, avdeling for videregående opplæring, tlf 479 04 048

Helge Kristian Galdal, Fylkesopplæringssjef - avdeling for vidaregående opplæring, tlf 975 42 688

Alexander Ytteborg, Verdsarvkoordinator Rjukan-Notodden, tlf 409 12 320

Verdsarv Telemark
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk