Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdata undersøking

Viktig «Ungdata-undersøking» i ungdomsskulane i Vinje!

I vekene 9 – 11 skal det gå føre seg ei viktig kartlegging blant dei unge, lovande i kommunen vår.

Ungdata er eit standardisera og kvalitetssikra spørjeskjema som tek for seg livsstil, trendar, levekår og helsa blant ungdommen. Vinje kommune har også lagt til ein eigendefinera modul som går på motorisera køyretøy.

For året 2015 er samtlege kommunar i Telemark med! Dvs. alle ungdomsskulane, alle vidaregåande skulane, og nokre private.
Resultata frå undersøkinga kan vera essensielle for å kartlegge oppveksttilhøva blant ungdommane. Me håpar at så mange som mogleg av elevane vil deltaka! Slik vil me kunne danne oss eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare førebyggande arbeid i kommunen. Me vil få meir oversyn over positive og negative sider ved kommunen, sett frå ungdommane sin ståstad, og om det er behov for auka eller endra innsats på nokon område. Dette vil også vera av interesse for politikarane, då dei kan få eit grunnlag for enklare å gjera vedtak i saker som vedkjem dei unge.

Koordinator for undersøkinga,
ungdoms- og fritidsleiar Silje Hagen
silje.hagen@vinje.kommune.no / tlf: 350 62352/409 17 890

Ungdata undersøkelse
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk