Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdomshelsestasjon

Helsestasjon for ungdom endrar opningstida si frå 25. august. Ungdomshelsestasjonen er open måndagar frå kl 15.00 - 16.00 og held til på helsestasjonen i Åmot.

På helsestasjon for ungdom kan du snakke med helsesyster eller lege om tema som opptek deg:

• Seksualitet
• Prevensjon
• Menstruasjon
• Pubertet
• Spørsmål om kroppen
• Konfliktar i familien, med venner
• Problem på skulen
• Tristhet
• Kosthald
• Røyk/alkohol
• Vonde opplevingar m.m

Du kan og ta kontakt ved behov for utført graviditetstest og prøver for seksuelt overførbare infeksjonar, nødprevensjon og kondom.

Det er ingen timebestilling og tilbodet er gratis.

Me held til på Åmot helsestasjon, 2. dør til venstre etter hovedinngang legekontoret.
Telefon i åpningstida er 35 06 25 24 (måndag 15.00 – 16.00) eller du kan nå oss på mobil 906 53 031( Signe ), 917 19 034 (Tove, minus torsdag). Det går og fint å sende ei tekstmelding. Vi svarar deg så snart vi kan.

Her vil du treffe helsesyster og lege. Det vil alltid vera helsesyster til stades, medan lege vil vera til stades 1. måndagen i mnd.

Ungdomshelsestasjonen fylgjer skuleruta.

 

Ungdomar
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk