Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Varsling24

Vinje kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24. Det blir varsla på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og på e-post.

Varsling24 blir bruka for å varsle innbyggjarar i eit geografisk avgrensa område der dette er hensiktsmessig. Det kan vera ved avstenging av vatn, stengte vegar og andre høve som krev rask informasjon. 

Det er to ulike registre som blir nytta for å nå deg som innbyggjar:
1. www.noreg.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar me å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida. 

2. www.varslemeg.no. Dette er eit tilleggsregister som du kan nytte dersom du ynskjer å motta varslar for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. 


Bedrifter

Bedrifter må registrere nykelpersonar ved å gå inn på www.varslemeg.no. Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse. 


Hemmeleg nummer

Varsling24 varslar ikkje hemmeleg nummer. Dersom du likevel ynskjer å få varsel frå kommunen kan du gjera ei tilleggsoppføring på www.varslemeg.no. kryss av for "hemmeleg nummer". 


Er mobilnummeret mitt registrert?

Så lenge du er registrert i "kontaktregister for offentleg forvalting" på rett adresse er alt i orden. Denne oppføringa gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Oppføringa di kan du sjekke ved å logge inn her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 


Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

www.varslemeg.no kan du leggje inn tilleggsadresser du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde born i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du.
- Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer"
- Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send"
- Du mottek ein kode på sms som du brukar for å logge deg inn
- Her kan du leggje til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerar


Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?

www.varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover den offisielle bustadadresse di. Slik gjer du:
- Under tilleggsoppføring klikkar du "Legg til ditt telefonnummer"
- Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send"
- Du mottek ein kode på sms som du brukar for å logge deg inn. Her ser du lista over adresser som er registrert på ditt mobilnummer.
- Her kan du også slette adresser og legge til fleire.


Logo Varsling 24
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk