Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vassforvaltning

Rapport om Tilstandsovervaking i Tokke-Vinje vassområde for 2015 er no ferdig

På 7 elvestasjonar er det registrert vasskjemi og teke prøver av begroingsalgar. I 3 innsjøar er det teke prøver av planteplankton og vasskjemi ein gong i månaden gjennom sommaren/hausten. Alle resultat viser god/særs god tilstand med unntak for forsuringsindeks (AIP) for begroingsalgar på stasjon Elvarheim i Tokkeåi. Her gjev indeksen dårleg økologisk tilstand.

Overvakingsprogrammet for 2016

I tiltaksovervakinga i 2016 blir det lagt vekt på å halde fram med nokre lengre tidsseriar. Det gjeld innsjøane Vågslivatn, Tveitevatn og Tansvatn. Av elvestasjonar blir Nedre Kjelaåi, Liåi og Tokkeåi prioritert. I Tokkeåi har ein tidlegare hatt stasjonar oppstraums og nedstraums Hovdestadmoen. Desse stasjonane blir nå tekne hand om av Vinje kommune i samband med avslutninga av slamdeponiet der. Resultatet blir rapportert til Mattilsynet og Fylkesmannen. 

Det blei ikkje registrert spesielle behov for problemkartlegging i samband med kloakkanlegg som ikkje fungerer og liknande. Situasjonen omkring Farhovdtjønni og Uvatn synes å vera under kontroll.

Rapporten for 2015 finn du her 



Foss
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk