Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lansering av ViFritid Vinje

Digital løysing med oversikt over fritids- og kulturaktivitetar i Vinje kommune

ViFritid har i samarbeid med Vinje kommune utvikla ei ny digital løysing tilgjengeleg for alle. ViFritid gjev oversikt over fritids- og kulturaktivitetar du kan delta på i kommunen. Løysinga legg til rette for auka aktivitet for alle innbyggjarane i kommunen. I løysinga er kontaktinformasjon til dei ulike lag og organisasjonar sett saman med illustrasjonsfilmar og informasjon om aktiviteten.

Du kan lese om aktivitetane på mange ulike språk. Du får informasjon om kven som er leiar og korleis du kan ta kontakt. Det er og knytt ein informasjonsfilm til kvar aktivitet slik at du lett kan orientere deg om aktiviteten. Det vil koma fleire aktivitetar etterkvart.

Sjå VIFritid Vinje her (vifritid.no/vinje). Sjekk den ut, lær noko nytt og bli med på ein ny aktivitet.

NB! Appen ligg ikkje på appstore men må leggast til på skjermen på telefonen eller nettbrettet.

Les meir om løysinga på www.vifritid.no. 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med kultursjef Signe Marie Kittelsaa på tlf. 958 97 895 eller send epost til signe.m.kittelsaa@vinje.kommune.no


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk