Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinjeskulen på topp

Vinjeskulen har over lang tid vore på toppen i Telemark i høve grunnskulepoeng

Skulesjef på Rauland skule, Sten Rune Sannerholt, meiner det har samanheng med samarbeidet på tvers i kommunen med mål om gode resultat både i høve sosial trivsel og tryggleik, samt på dei faglege resultata.

Arbeidet barnehagane gjer for språkleg utvikling er særs godt og legg grunnen for arbeidet skulane gjer vidare. Skule og barnehage har eit tett og godt samarbeid. I tillegg er me heldige som har ei så dyktig skulehelseteneste. I haust har dei utvida tilbodet, og gjev tilbod, etter løyve frå foreldre, til barn som treng ekstra støtte etter skilsmisse.

Me har høge ambisjonar for Vinjeskulen og for elevane i Vinje. Då er det ekstra moro å sjå at det me legg ned av arbeid gjev resultat. Me er stolte av elevane våre – det er ein framifrå gjeng.

 

Her kan du lese artikkel i Varden 16.12.14

 

Ungdomar
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk