Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Overnatting i offentlege bygg

I høve brannvernloven § 7 må det føreligge ei mellombels bruksendring av forsamlingslokalet, skule eller barnehage før overnatting kan skje.

Slik tilfeldig overnatting skal meldast til brannsjefen, Vest-Telemark brannvesen IKS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo, e-post: post@vtbv.no. 

Det skal brukast eige skjema, som må sendast brannvesenet min. 7 dagar før lokalet skal brukast som overnattingsstad. Skjema finn du her.

Meldinga sendast til Vest-Telemark brannvesen IKS, som sender kopi vidare til Vinje kommune brann og beredskap. Tilsynsseksjonen i Vest-Telemark brannvesen IKS kan pålegge ekstra sikringstiltak ved slike arrangement.

Det skal setjast opp ein ansvarleg person for overnattinga som skal vere kjent med fastsette sikringsvedtekter og instruksar.

Ansvarleg person har ved underskriving av melding til brannvesenet sett og gjort seg kjent med vedtekter og instruksar.

Vedtektene er fylgjande:

  • Det er forbod mot røyking og annan bruk av open eld.
  • Alle som oppheld seg i bygningen skal gjerast kjende med brannmeldarar, brannalarmsignal, rømingsvegar og sløkkjeutstyret si plassering og bruk.
  • I bygningen skal det vere vaken nattvakt som går vaktrunde   minimum kvar 2. time heile natta med kontroll av at rømingsvegar er ryddige og opne. Avvik meldast ansvarleg person eller vaktmeistar.
  • Vaktliste skal vere utarbeidd, med ansvarleg person som har ansvar for at vaktlistene blir følgde.
  • Nattevakta må ha nyklar tilgjengeleg, og tilgang til telefon.
  • Det er ikkje lov å nyte alkohol eller andre rusmidlar i området.
  • Det er ikkje lov å ta imot besøk i/på romma for uvedkomande.
  • Alt materiell som blir bruka i den daglege drifta skal stå i fred, og romma skal vere ryddige og i orden når leigetida er over.

Innstruks for nattevakt:

  • Nattevakta skal i høve vaktplanen vere vaken heilvaktperioden sin.
  • Vaktrunde skal gjennomførast min. 2. kvar time frå 23:00 til 7:00.
  • Rømingsvegar skal kontrollerast under kvar vaktrunde. Rømingsvegane skal vere ryddige og opne.
  • Avvik meldast ansvarleg person.
  • Det er totalforbod mot røyking og all annan bruk av eld/levande ljos.
  • Plassering av sløkkemidlar skal vere kjent.
  • Nattevakta skal ha nyklar tilgjengeleg og tilgang til nyklar.
  • Teikning over bygningen med avmerkte område der overnattinga skjer. Rømingsvegar skal vere avmerkte.
  • Overnatting bør skje på bakkeplan om det er mogleg.
  • Talet på personar som overnattar på kvart rom skal vere avmerk på teikningane.         
  • Uvedkomande har ingen tilgang.

VED BRANN – PRIORITERT REKKEFØLGJE

Varsle:           Alle i bygningen SKAL vekkast.

Evakuere:      Start evakuering/røming av bygget.

Ring:              110 (brannvesenet)

Førebygge:    Lat att vindaugo og dørar.

Info:              Møt og informer brannvesenet – gje så god informasjon som mogleg.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk