Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Samfunnshus og møterom

Utleige av kommunale hus og møterom

  • Lokala vert ikkje leigt ut for overnatting.
           
  • Tinging av hus til faste tilskipingar ut over 1 månad må sendast på elektronisk skjema. Tenestetorget er ansvarleg for å leggje inn alle faste tilskipingar.

    Søknadsfrist blir lyst ut på våren. 
  • Vaktmeister hjelper til med utsetting av utstyr, men leigar er ansvarleg for at alt er på plass i tide. Rigging og rydding vert rekna med i leigetid.
            
  • Om fleire søkjarar ynskjer same hus/rom til same tid og alternative stader/tider ikkje let seg ordne, må kommunen avgjera kven som skal vike.   

Prioriteringar ved bruk av kommunale hus og møterom 

Fysisk trening og idrettsaktivitetar skal skje i idrettshall eller anna treningslokale.

Andre kulturaktivitetar og tilskipingar har fyrsterett på festsalane.

På dagtid har skulane fyrsterett til bruk i samsvar med timeplanane. For skuleaktivitet på kveldstid, må skulane tinge rom som andre brukarar.

Bruk og økonomi

Lag og organisasjonar i Vinje kommune skal ikkje betale leige for anna enn inntektsgjevande tilskipingar. Unnatak er tilskipingar i skuleregi og basarar med humanitære og samfunnsnyttige føremål. 

Utanbygds tilskiparar skal betale leige etter gjeldande satsar. Eventuell klage på husleige sendast skriftleg til kommunen, postmottak@vinje.kommune.no

Ved større jubileum og markeringar som gjeld heile eller større delar av kommunen, må andre faste avtalar vike. Ved slike høve må tilskipar sende skrifteleg søknad.

Arrangement blir fakturert i etterkant.

Leige av bord og stolar kan tingast direkte av vaktmeister ved samfunnshusa.

Teleslynge

Desse bygga har installert teleslynge:

Vinjehuset, i festsalen og i møterommet i 2. etasje.

Vinjar, i festsalen - trådlaus. Brukar må ha sløyfe rundt halsen.

Raulandshuset, i festsalen.

Edland samfunnshus, i festsalen.

Kommunehuset har skranke-teleslynge på Tenestetorget. Formannskapssalen og kommunestyresalen har oz teleslynge.

Det er merka med teleslynge på alle plassane. Justering av høyreapparatet i stillling T eller MT er naudsynt for å ha utbyte av teleslynge.

Det er teleslynge i Grunge, Vinje og Rauland kyrkje.

HLF-laget Vinje-Tokke har ei mobil teleslynge som andre og har tilgang til. Den er tilgjengeleg på Vinje Kro/Heimat og kan leigast etter avtale.

 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk