Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Storviltjakt Berunuten Vest - reglar og prisar

Sist endret: 14.05.2018Kontaktperson: Lasse Mathisen

Alle som stettar dei krava viltlova set for å gå på jakt og som er fast busett i Vinje kommune kan søkje om jakt på rein og elg. Søknadsfristen er 10. juni 2018.

Reglar

  • Styret oppmodar spesielt 16 -18 åringane til å søkje. 1 simle/ungdyr + 1 kalv vert trekt blant desse. Dei som vert trekte ut misser ikkje poeng.
  • Alle som får tildelt villreinkort i fyrste tildeling på eigedomen, må taka dei ut (gjeld ikkje 16-18 åringane), viss ikkje vil dei misse alle oppsamla poeng. Det skal vere tungtvegande grunnar for å behalde poenga, med det meiner styret sjukdom (legeattest krevjast).
  • Tildeling av kort på reservelista vert ikkje slavisk delt ut frå nr. 1 og nedover, men vert delt ut til dei som på førehand seier ifrå om at dei ynskjer dyr. Ved tilbod om dyr før jaktstart (20.08) misser du poeng, etter jaktstart beheld du poenga. Det vert også i år opna for å kunne danne jaktlag, dette frå fyrste jaktdag av.
  • Dei som jaktar elg må ha tilgang på ettersøkshund.

Prisar

Dyr  Pris
Villrein, fritt dyr  kr 3 000,-
Villrein, simle/ungdyr  kr 2 000,-
Villrein, kalv  kr    700,-
Elg, vakse dyr  kr 6 000,-
Elg, ungdyr  kr 3 500,-
Elg, kalv  kr 2 500,-


Klikk her for søknadsskjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk