Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark

Alle som vil ha kontakt med barnevernet i Vinje må kontakte Barnevernsamarbeidet i Vest- Telemark. Det er lokalisert i Kviteseid.

Barneverntenesta er felles for kommunane i Vest-Telemark (Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje) og har hovudkontor i Kviteseid sentrum, i bygget til Sparebanken Sør.
Når du og familien din har behov for å møte barnevernstenesta, eller barneverntenesta har behov for å møte deg, vil desse møta skje på kommunehuset i den kommunen der de bur.

Frå kl. 16.00 - 08.00 og helger og høgtider kan barnevernvakta i Grenland kontaktast på tlf 116 111.


Barnevernleiar Gunn Annie Hellestad gunn.annie.hellestad@vest-telemark.no
Fagkoordinator/stadfortredar Jorunn Solberg jorunn.solberg@vest-telemark.no


Adresse: Barnevernsamarbeidet i Vest- Telemark, Granlivegen 1A, 3850 Kviteseid

Kontaktinformasjon:
e-post:post.barnevern@vest-telemark.no
Tlf: 35 05 54 00
Telefaks: 35 05 54 01

  • Besøksheim

  • Fosterheim

  • Hjelpetiltak frå barnevernstenesta

    Generelt

    Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde frå om barn som treng det?

    Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei blir tekne godt vare på.
     
    Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.
     
    Hjelpetiltak er som oftast helt frivillig og er noko som kan bli ein positiv forandring for barnet og familien.

    Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Ein legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

    Målgruppe

    Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.

    Vilkår

    Barnet må ha vanleg bustad i Noreg og bu her.
     
    Hjelpetiltak er også for barn som oppheld seg i Noreg  og som er flyktningar eller er internasjonalt fordrivne, eller når den vanlege bustaden til barnet ikkje lèt seg fastsetje.

    Kontaktavdeling

    Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark

    Telefon35 05 54 00
    Telefaks35 05 54 01
    E-postpost.barnevern@vest-telemark.no
    PostadresseBarnevernsamarbeidet i Vest- Telemark, Postboks 34, 3836 Kviteseid
    BesøksadresseBankbygget, Sparebanken Sør, sentrum av Kviteseid.

    Lovar og retningsliner

    Denne tenesta er pålagt ved lov. Sjå spesielt barnevernloven § 4-4, § 6-9 og kapittel 4.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Foreldre, vener, grannar, barnehage/skule, helsestasjon, osb. som ser at eit barn treng eit hjelpetiltak, kan melde frå til barnevernstenesta.

    Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp.
     
    Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gi uttrykk for synspunkta sine.

    Dersom du har behov for telefonkontakt med barnevernstenesta vil me svare deg på telefon 35 05 54 00 mellom kl. 08.30 - 15.00 alle verkedagar.
    Frå 16.00 - 08.00 og helger og høgtider kan barnevernvakta i Grenland kontaktast på tlf 90 05 33 04.

    Behandling

    Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere levert til barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

  • Incestsenter

  • Krisesenter

  • Melding til barnevernstenesta

  • Omsorgsovertaking av eit barn

  • Samlivskurs

  • Samvære med born under offentleg omsorg for foreldre og andre

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk