Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Borgarleg vigsel

    Giftermål

    Generelt

    Skal du gifte deg borgarleg? Då kan du kontakte oss for å bestille tid og lokale. Gå også inn på skatteetaten.no. for å sende inn dei nødvendige skjema.

    I Vinje kommune har kommunestyret bestemt at dei som kan gjennomføre ein borgarleg vigsel i vår kommune er

    • Ordførar Jon Rikard Kleven
    • Varaordførar Øystein Høgetveit
    • Anders Sandvik

    Kommunestyresalen i kommunehuset i Åmot er kommunens vigselsrom.
    Andre stadar kan avtalast særskilt med vigslaren.

    Vilkår

    Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

    Pris

    For kommunens eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg er tilbodet gratis.

    For par som ikkje er heimehøyrande i Vinje vil det koste kr 3.500,- på kvardagar og kr 5.000,- på helge- og heilagdagar.

    Dersom det er ynskjeleg å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnadar sjølve.

    Lovar og retningsliner

    Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt. Behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
     
    Skjema som skal fyllast ut er desse:
     
    • Eigenerklæring
    • Forlovarerklæring
    • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
    • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.
    Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
     
    Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
     
    Etter at de har fått prøvingsattesten kan de ta kontakt med kommunen.

    De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

    De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

    Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigslar.

    I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

    Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

    Dersom det er ynskjeleg med ekstra innhald, er det viktig at me får beskjed om dette på førehand. De er sjølve ansvarlege for all praktisk organisering som er naudsynt for å gjennomføre slike tilpassingar.

    Det er høve til å setje på ringar under seremonien. Det er fint om de gjev beskjed om dette før seremonien startar.

    Søknadmottakar

     

     

     

     

  • Samlivskurs

  • Samvære med born under offentleg omsorg for foreldre og andre

  • Separasjon og skilsmisse

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk