Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bustadtilskot - nye bustader

Ordninga gjeld nye bustadhus med førstegongs etablering av vass- og avlaupsløysing der byggjesøknad er sendt inn etter 01.01.2013. Ulike grader av ombygging eller sanering fell utanfor.

Følgjande reglar ligg til grunn for tilskotet

Heimelshavar/bustadbyggar skal vera busett i Vinje kommune, ved uklare folkeregisteropplysingar kan kommunen krevje bustadattest jf FOR 2007-11-09 nr 1268: Forskrift om folkeregistrering.

Det må liggje føre godkjent frådela eigedom til føremål bustad.

Det må liggje føre godkjent byggjeløyve.
 
Utbetaling skjer etter godkjent søknad om ferdigattest.

 

Følgjande satsar ligg til grunn for utrekning av bustadtilskotet

0-150 m² bruksareal utrekna etter NS 3490 (bygningens BRA utanom frittliggande bygg som bod/garasje/uthus m.m.) - tilskot kr 940/m² pr 1. januar 2017.

Areal frå 151m² og inntil 250m² utrekna etter NS 3490 (bygningens BRA utanom frittliggande bygg som bod/garasje/uthus m.m.) - tilskot kr 658/m² pr 1. januar 2017.

 

Søknadsskjema

Les heile saksframlegget her 
Les kommunestyrevedtaket 14.02.2013 her

  • Bruksendring av bygning

  • Bustad - oppføring av ny bustad

  • Bustadtilskot til etablering

  • Bustønad

  • Bygging og graving i forureina grunn

  • Byggjetiltak på eigedom som det er bygt på

  • Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

  • Driftsbygning i landbruket

  • Førehandskonferanse

  • Grunnlån

  • Nabovarsel

  • Nedgravde oljetankar

  • Sjølvbyggjar

    Generelt

    Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt.

    Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

    Tiltaket må vere til eige bruk.

    Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar.

    Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar og gjere vedtak. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen.

    Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt. Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir følgt innanfor godkjenningsområdet ditt.

    Personleg godkjenning kan ein gje for funksjonane ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, medan du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

    For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak.

    Vilkår

    Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

    Byggjetiltaket kan vere

    • Einebustad (i særskilte tilfelle)
    • Delar av bustad
    • Grunnmur
    • Innvendige arbeid

    Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

    Brosjyrer

    Kontaktavdeling

    Tenestetorget

    LederSten Andersen
    Telefon35 06 23 00
    PostadresseVinjevegen 192, 3890 VINJE
    BesøksadresseKommunehuset, Vinjevegen 192

    Lovar og retningsliner

    Sjå
    Byggesaksforskriften § 6-8 Selvbygger

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.

    Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. 

    Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

    Vedlegg

    Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no 

     

     

    Behandling

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Behandlingstid

    Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden.

    Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Startlån bustad

  • Utbetring/tilpassing av bustad - tilskot

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk