Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Byggesak

I Vinje er byggesakshandsamarane tilknytt Tenestetorget.

Har du spørsmål om byggesaker, kontakt Tenestetorget på tlf 35 06 23 00. Dei kan rettleie deg og eventuelt setje deg over til rett person.
Vil du møte ein byggesakshandsamar, er det lurt å avtale tid på førehand. Kontakt Tenestetorget pr telefon eller epost postmottak@vinje.kommune.no.


Slik kan du levere byggesøknaden din:
For enkel og effektiv behanling av byggesøknaden er det viktig at du leverer ein komplett søknad på ein av desse måtane:

1.    Papir 
Du kan få søknadspapir på Tenestetorget eller du kan skrive dei ut her (krev ikkje pålogging) - desse fyller du ut og sender pr post til Vinje kommue, Vinjevegen 192, 3890 Vinje

2.    E-post
Du kan gjerne sende inn byggesøknaden på e-post til postmottak@vinje.kommune.no - søknad som hovuddokument og kvart vedlegg for seg sjølv for enklast behandling.  

3.    Elektronisk 
Du kan også nytte ByggSøk for utfylling og levering av byggesøknaden din.

Tak gjerne kontakt om du lurar på noko.

Byggesaksblankettar (krev ikkje pålogging)
Byggesaksgebyr

 


1. Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve jf plan- og 
bygningslova § 20-5
Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming dersom dei elles er i tråd med gjeldande plan. Men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt. Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden  eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vera oppfylt. 
Klikk her for meir informasjon

2. Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jf plan- og bygningslova § 20-4
Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gjeve med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av tiltakets vanskegrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfagleg bistand. Dei vanlegaste tiltaka som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg. 
Klikk her for meir informasjon

3. Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jf plan- og bygningslova § 20-3
I dei tiltaka som ikkje er nemnde under pkt. 1 og 2, skal ein levere fullstendig søknad. Slike søknader skal sendast inn av profesjonelle aktørar som skal ha nødvendig kunnskap om plan- og bygningslovas reglar. 
Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis, eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Det er og krav til slik dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.
Klikk her for meir informasjon

4. Energimerking 
Alle bustadar, hytter og fritidseigedomar må energimerkast før dei vert lagt ut for sal. Ved utleige må hytta/fritidseigedomen merkast om ein skal bruke denne meir enn fire månadar i året. Les meir her 

Enklare byggereglar frå 1. juli 2015

Endringane i plan- og bygningslova medfører bl.a. at ein del tiltak som ein tidlegare måtte byggesøke, no vert søknadsfrie.
Føresetnaden for at ein ikkje treng å søkje er at tiltaka er i tråd med vilkåra i dei nye reglane, samt at tiltaket må vere i tråd med gjeldande reguleringsføresegner for det aktuelle byggeområdet. I tillegg må tiltaket vera i tråd med føringar frå andre styresmakter t.d. Statens Vegvesen, kulturminnevern osb.

Du kan finne meir informasjon her

Informasjonsark om nye byggereglar


Enklare å bygge om og leige ut eigen bustad frå 1. januar 2016

Det vert enklare å gjere om bod, loft og kjellar til opphaldsrom. Føresetnaden er at romma er inne i bustaden og at bustaden er frå før 1. juli 2011.
Meir informasjon finn du her og du kan også finne her.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk