Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skøyte og tinglysing

Kartforretning
Vinje kommune skriv ikkje ut skøyte i samband med overføring av heimel for ein eigedom. Dette er ei sak mellom seljar og kjøpar, som sjølve må syte for å skrive skøyte og få dette tinglyst. Hugs at skøytet må skrivast ut i to eksemplar - skriv under på båe og send dei til 
Statens kartverk
Tinglysingen
3507 Hønefoss

NB! Det er også viktig å hugse på at alle hefte (t.d panteobligasjonar) som er på avgjevar av eigedommen (eigedommen før deling), automatisk fylgjer med vidare på denne nye parsellen. Her bør seljar ordne med sletting av eventuelle hefte.

Statens kartverk vil krevje tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift.

Samanslåing av eigedomar 
Der ein eigedom består av fleire parsellar med eige gnr/bnr bør ein prøve å samanføye desse til eit registernummer. Dette er gratis og ein vil få ein betre oversikt ved eventuelt sall og overtaking av eigedommar. Det er ein fare t.d å utegløyme tilleggsareal ved sal, samstundes som det kan vera uoversiktleg i høve til pantehavarar og andre tinglyste hefte på eigedommen. Skjema for krav om samanslåing av eigedomar finn du her. 
Tinglysingstelefon 32 11 88 00 (08.15 - 14.00).

Meir informasjon om skøyte, tinglysing m.m. finn du på Kartverket    

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak 
Utfylt skjema med original underskrift skal sendast pr post til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje - eller det kan leverast ved personleg oppmøte. Når konsesjonstilhøvet er registrert i matrikkel, mottek avsendar melding om at dokument kan sendast til tinglysing.

Meir informasjon om konsesjon, konsesjonsfritak og omsetnad av fast eigedom finn du her 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk