Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige bustadtomter

Det er tenestetorget som administrerer sal av kommunale bustadtomter i Vinje kommune.

Under finn du kart over dei kommunle bustadfelta - ledige tomter er merkt gult. Karta skal vera oppdaterte, men det kan skje endringar som ikkje er registrert, så ta kontakt med Tenestetorget tlf 35 06 23 00 for nærare opplysningar.

Krontveit
Såtehov (Rauland) 
Slobrekk (Edland)
Setali (Rauland)  
Juvbakk (Åmot) 
Drotning (Åmot)
Bøgrend  

Gebyr ved kjøp av kommunal bustadtomt - Tilknytingsavgift kjem i tillegg.
Tilknytingsavgift og årlege gebyr vatn/kloakk 
Retningsliner for tildeling av kommunal bustadtomt
Søknadsskjemaet finn du her

 

Bustadtomtene i dei kommunale bustadfelta i Vinje kommune vert omsett til ein sterkt subsidiert pris og er eit bustadpolitisk verkemiddel for å styrke fast busetnad i kommunen. Tomtekjøparar som ikkje alt er innbyggjarar i Vinje kommune, må difor melde flytting til Vinje kommune seinast når bustaden er innflyttingsklar.

Kommunestyret har i møte 31.01.08, sak 08/16 gjort vedtak om at det skal vera høve til å kjøpe meir enn ei kommunal bustadtomt i Juvbakkfeltet og Slobrekkfeltet. 

Vedtaket er referert her

  • Kommunestyret ser eit behov for å differensiere reglane for kjøp av kommunale tomter utfrå kvar i kommunen tomtene ligg.
  • I Slobrekkfeltet opnar ein for at det blir mogeleg å kjøpe inntil 3 tomter i gjeldande plan.
  • I det gamle Juvbakkfeltet opnar ein for at ein kan få kjøpe inntil 2 tomter. I det nye kan ein berre få kjøpt ei tomt.
  • Felles for båe felta er at ein skal betale full tomtepris for kvar tomt slik den er fastsett. 

OBS!
I nye byggefelt som er etablert etter 2008 vert det ikkje opna for sal av meir enn ei tomt per kjøpar. Det gjeld mellom anna det nye bustadfeltet i Juvbakk (tomt 19 - 32).
 Sjå vedtak i kommunestyret i sak 10/44.

  • Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

  • Kommunal planlegging - medverknad

  • Nabovarsel

  • Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

    Generelt

    Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område.

    • Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen
    • Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem
    • Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar
    • For nokre planar vil det vere krav om konsekvensutgreiing

    Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lesen på staden og gjennom elektroniske medium. Kommunen tek over saka når planforslaget er vedteke sendt på høyring.

    Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

    Ein reguleringsplan blir utforma anten som områderegulering (som blir utarbeidd av kommunen) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidt av fagkunnige. Detaljregulering er eit arealplankart med føresegner om bruk og vern i særskilde område. Planen gjev grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.

    Målgruppe

    Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter

    Vilkår

    • Detaljregulering skal følgje opp hovudtrekk og rammer i arealdelen i kommuneplanen. Den blir eventuelt òg utarbeidd etter krav i ei vedtatt områderegulering
    • Forslagsstillaren skal leggje til rette for medverknad frå dei som planen vedkjem, slik som barn og unge
    • Risiko- og sårleiksanalyse skal utarbeidast for alle planar som gjeld utbygging 
    • For nokre planar vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må i så fall utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast på høyring og fastsetjast av kommunen før planforslaget blir utarbeidt

    Pris

    Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag.

    Partnarar

    Du må varsle gjeldande offentlege organ og andre interesserte når planarbeidet blir sett i gang. Det same gjeld registrerte grunneigarar og festarar og om mogleg andre grunneigarar i planområdet.

    Lovar og retningsliner

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du må ta opp planspørsmålet i eit møte med kommunen før du kan setje i gang planarbeidet. Som forslagsstillar skal du kunngjere oppstart av planarbeidet i minst ei avis som til vanleg blir lesen på staden og gjennom elektroniske medium. Når planutkastet er utarbeidt i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen tek over saka når planforslaget er vedteke sendt på høyring.

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no 

     

     

    Behandlingstid

    Kommunen skal ta stilling til om planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn eller avvisast innan tolv veker etter at forslaget er mottatt.

    Høve til å klage

    Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk