Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Retningsliner kommunal bustadtomt

1. Bakgrunn og føremål

Kommunen si tildeling av tomt skjer normalt til subsidierte prisar. Det er eit bustadpolitisk verkemiddel for å styrke fast busetnad i kommunen.

 

2. Søknad om tomt

a)      Tomtesøkar må vera over 18 år

b)      Kun ein i kvart hushald kan søke om tildeling av tomt innanfor same felt. Med hushald meiner ein personar registrert med same bustadadresse.

c)       Når ein privatperson har søkt om kommunal bustadtomt ser ein på dette som at hushaldet har søkt.

d)      Søknad om tomt skjer på eige skjema der søkaren fører opp ynskt tomt. Det kan førast opp inntil tre tomter i prioritert rekkefylgje.

 

3. Tildeling av tomt i nytt tomteområde

Ved fyrste gongs tildeling i eit nytt område blir dette normalt kunngjort i lokalavisa samt på kommunen si heimeside. Dei som ynskjer tomt sender søknad på eige skjema.

Tildeling av tomter blir gjort etter fylgjande prosedyre:

a)      Kven som får tildela kva tomt blir avgjort ved trekning mellom dei registrerte tomtesøkerane i det aktuelle tomtefeltet.

b)      Søkarane får deretter tildela den fyrste ledige tomta i høve til sine prioriteringar. Dersom alle prioriterte tomter til søkar er opptekne, kan søkar velje fritt blant dei som er ledige.

c)       Trekninga blir gjennomført av ordføraren. Det blir ført protokoll frå trekninga. Tomtesøkarane har høve til å vera tilstades ved trekninga. Vinje lensmannskontor ser til at trekninga går rett føre seg.

d)      Tomtesøkarane får melding om resultatet av trekninga.

e)      Den enkelte som får tildela tomt må svare skriftleg på om dei aksepterer tilbodet innan to (2) veker etter motteken melding om tildeling.

f)       Dersom det er fleire søkarar enn tomter, blir overtalige søkarar ståande på venteliste i den rekkefylja som er gjeve ved trekninga.

g)      Ved tilbakelevering av tomter blir desse fortløpande tilbode søkarar i samsvar med ventelista.

h)      Etter avvikling av ventelista gjeld reglane for tildeling som opplyst nedanfor under punkt 4.

4. Tildeling av tomt i eksisterande felt

Tildeling av ledig tomt i eksisterande felt skjer fortløpande etter kvart som søknadar kjem inn. Tenestetorget handsamar søknadane.

Den enkelte som får tildela tomt må svare skriftleg på om dei aksepterer tilbodet innan to (2) veker etter motteken melding om tildeling.

5. Vilkår for tildeling av tomt

a)      Kjøpar får tilsendt faktura pålydande kr 10 000,- når tildelinga er akseptert. Dersom betalinga ikkje skjer til forfall, fell tildelinga bort. Om kjøpet ikkje vert gjennomført frå kjøpar si side, vil ikkje beløpet på kr 10 000,- bli betalt tilbake.

b)      Faktura for restkjøpesum (kr 140 000,-) og kostnadar blir sendt ut etter at tillating av iverkssetting etter plan- og bygningslova er gjeven. Dersom betalinga ikkje skjer til forfall, fell tildelinga bort.

c)       Kommunen kan gje samtykke til at det tinglysast pant i tomta for kjøpesummen, så framt at panthavar betalar ut kjøpesummen direkte til kommunen. Det er ein føresetnad at kommunen sin pant for subsidiebeløpet har fyrste prioritet.

d)      Det må søkast om byggeløyve (løyve til iverksettting) etter plan- og bygningslova innan eitt år etter at søkar har akseptert tildelinga. Dersom det ikkje søkast om byggeløyve i tide, fell tildelinga bort.

e)      Det er ikkje tillete å selje tomta vidare. Eigedomen vert sett på som ei tomt så lenge det ikkje er utført noko grunnarbeid. Grunnarbeid blir fyrst sett på som utført når grunnmuren er ført opp. Kommunen kan tinglyse salsforbodet som hefte på tomta, men er på førespurnad plikta til å slette hefte dersom grunnarbeid er dokumentert utført.

f)       Byggetiltak må vere sett i gang seinest to år etter at søkar har fått byggeløyve. Grunnarbeid (jf. punkt e) må vere utført før ein kan seie at byggetiltak er sett i verk.

g)      Ferdigattest må vere søkt om seinest fem år etter at løyve til iverksetting er gjeve.

h)      Tomtekjøparar som ikkje allereie er innbyggjarar i Vinje kommune, må melde flytting til Vinje kommune når bustaden er klar for innflytting.

6. Tilbakeføring av tomt

a)      Dersom vilkåra i punkt 5 f) ikkje vert oppfylt, skal tomta førast tilbake til kommunen. Dette vilkåret kan tinglysast på eigedomen.

b)      Tomta skal førast tilbake fri for hefte.

c)       Ved tilbakeføring av tomt til kommunen, blir søkar belasta for kostnadane kring dette. Motteke vederlag for tomta, trekt frå kr 10 000,- og kostnadar, vert betala tilbake til søkar mot heftefritt skjøte på eigedomen.

7. Tilbakebetaling av subsidiering

a)      Dersom vilkåra i punkt 5 f) ikkje vert oppfylt, kan kommunen istaden for å krevje tomta tilbakeført etter punkt 6 b), velje å krevja subsidiebeløpet betalt tilbake. Subsidiebeløpet vil gå fram av søknadsskjemaet eller annan korrespondanse. Subsidiebeløpet for Krontveit bustadfelt er kr 360 000,-

b)      Dersom vilkåra i punkt 5 g) eller h) ikkje vert oppfylt, kan kommunen krevje subsidiebeløpet betalt tilbake.

c)      Retten til tilbakebetaling av subsidiebeløpet kan kommunen tinglyse på eigedomen. Det same gjeld pant for kravet med fyrste prioritet. Når vilkåra for å krevje subsidiebeløpet tilbake fell frå, pliktar kommunen å slette hefte etter førespurnad.

8. Overføring av skjøte

Heimelen til tomta blir overført frå kommunen til søkar når byggjeløyva (løyve til iverksetting) etter plan- og bygningslova ligg føre, og kjøpesummen med kostnadar er motteken. Kommunen syter for tinglysing av skjøtet.

9. Overtaking

Eigedomen vert seld «som den er», jf. Avhendingsloven § 3-9.

Eigedomen blir overteke av søkar når skjøtet er tinglyst.

10. Unntak

Rådmann kan fråvike dette regelverket.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk