Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vatn og avløp

Vinje kommune innførte nye føresegner for vass- og avløpsgebyr gjeldande frå 01.01.2013

For tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld abonnementsvilkåra for vatn og avløp, administrative og tekniske føresegner som kommunen har vedteke. Desse vilkåra gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, uavhengig av om abonnenten har skrive under ei erklæring om å overhalde vilkåra eller ikkje.

Alle kundar har høve til å installere vassmålar om dei ynskjer det - meir informasjon om vilkår m.m. finn du under føresegna kap. 4.

Føresegn om vass- og avløpsgebyr for Vinje kommune

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp - tekniske bestemmelsar

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp - administrative bestemmelsar

Søknadsskjema - tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg

Private vassverk

Etter "Drikkevassforskrifta" skal vassverk godkjennast av Mattilsynet om det er fleire enn 20 husstandar/hytter eller 50 personar knytt til vassverket.

Om du har spørsmål, ta kontakt med Mattilsynet -  Distriktskontoret for Midt- og Vest-Telemark.

Kloakk og septik

Det er Teknisk drift og vedlikehald (TDV) som har ansvar for kloakknettet.

Vinje kommune driftar desse reinseanlegga
-  Åmot reinseanlegg
-  Rauland reinseanlegg
-  Haukeli reinseanlegg
-  Vågslid reinseanlegg
-  Vinjar Biovac anlegg


I tillegg har TDV drifta av felles avløpsanlegg i Arabygdi, Vesaas og Øyfjell.

Slamtøming
Renovest har ansvaret for innsamling, transport og handsaming av septik og slam.

Hytter skal tømast kvart 4. år - tankane vert tømt i 2010, 2014 osv. Dersom tank må tømast tidlegare, vert det ekstra kostnad for hytteeigar.
Tankar med 3 kammer og volum på 4 m3, kan få tøming kvart 2. år, mindre tankar og dei som ynskjer tøming oftare, kan få årleg tøming.
Slamgebyr blir fakturert det året det vert tømt. Kommunen har fire terminar, så gebyret blir delt i fire.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk