Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Diabeteskontakt i primærhelsetenesta

Lokal diabeteskontakt i primærhelsetenesta i Vinje er diabetessjukepleiar i Vinje helse- og omsorg, Hege Rorgemoen.

Arbeids- og ansvarsområde

Rådgjevande instans

Gje råd, rettleiing og informasjon om diabetesrelaterte spørsmål og tema.

Undervising og opplæring

Til personar med diabetes og deira pårørande og til personar med høg risiko for type 2 diabetes, samt helsepersonell og anna personell med behov for kunnskap om diabetes (som t.d. ved skular, barnehagar m.v.).

Samarbeid med anna helsepersonell

Rundt personar med diabetes.

Tverrfagleg/tverretatleg samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta

Vera eit kontaktpunkt mellom 1. og 2. linetenesta for å bidra til;
  • Eit samanengande og heilskapleg tenestetilbod til personar med diabetes, og for å styrkje tilbodet til denne gruppa kroniske sjuke. 
  • Å styrkje rehabiliteringsarbeidet til personar med diabetes, bl.a. gjennom hjelp til å meistre å leve med kronisk sjukdom, meistre daglege utfordringar som sjukdomen gjev og førebyggje seinkomplikasjonar.

Nært samarbeid med fastlegane for å

  • Finne og diagnostisere alle med udiagnostisert DM2 for tidleg diagnose, behandling og førebygging. 
  • Identifisere høgrisikopersonar for diabetes (og hjarte-karsjukdom) for å førebyggje utvikling av desse sjukdomane. 
  • Sikre personar med diabetes god oppfølging av og kontroll med sjukdomen, for å leva best mogleg med diabetes i kvardagen og førebyggje seinkomplikasjonar. 



Du kan ta kontakt med diabeteskontakt Hege Rorgemoen på tlf 35 06 25 26/mob 414 47 210 eller  hege.rorgemoen@vinje.kommune.no










































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk