Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kreftkoordinator

Dette er eit tilbod til deg som har fått ei kreftdiagnose og til dine pårørande. Ein kreftkoordinator kan vera med og koordinere og tilrettelegge kvardagen for den kreftsjuke og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet.

Kreftkoordinator vil ha eit særleg ansvar for samhandling mellom dei ulike nivåa i helsetenesta og vil arbeide for at overgangen mellom sjukehus og kommune blir best mogleg.

Kreftkoordinator skal vera med og samordne tilbod og tenestar i Vinje kommune.

I samarbeid med den øvrige kreftomsorga i Vinje kommune kan kreftkoordinator bidra med:

  • Heimebesøk hos pasient og pårørende for kartlegging av behov, samtale og veiledning.
  • Informasjon og råd knytta til diagnose, behandling, rehabilitering og lindring ved livets slutt.
  • Oversikt over relevante tilbod og rettighetar.
  • Samhandling med fastlege, heimesjukepleie og andre aktuelle fagpersonar.

Kven kan ta kontakt?

Den kreftramma sjølv, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege.

Korleis ta kontakt?

Kreftkoordinator har kontor på Vinje Helsesenter i 2.etg. og er å treffe på onsdagar.

  • Berith Hegg Bråstøyl: 912 48 566 (onsdag , legg evt. att melding )
  • Koordinerings- og tildelingskontoret: 35 06 25 54 / 468 84 316
  • Tenestetorget: 35 06 23 00

E-post: berit.braastoyl@vinje.kommune.no

Kreftkoordinator er ein del av kontaktsjukepleienettverket i Vinje:

Øvre Vinje distrikt:   

Ingrid Rømo Nordgarden
tlf. 918 40 570
ingrid.nordgarden@vinje.kommune.no

Åmot distrikt:

Anne Jannicke Lie
tlf. 900 42 513
anne.jannicke.lie@vinje.kommune.no

Rauland distrikt:      

Kristina Huitfeldt Carlsen
tlf. 958 67 547
kristina.carlsen@vinje.kommune.no

Sjukeheimen:          

Berith H Bråstøyl
tlf. 409 03 667
berit.braastoyl@vinje.kommune.no

Treng du meir informasjon om kreft?

www.kreftforeningen.no



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk