Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Legevakt

Tokke - Vinje legevakt held til på Vinje legekontor, 1.etasje
Vinje Helsesenter Vinjevegen 212,
3890 Vinje

Faks nr: 35 07 15 12
e-post: legevakt.vinje@vinje.kommune.no

Nasjonalt legevaktsnummer:    116 117 (døgnope nummer)

Legevaktstelefonen er betjent av stasjonær sjukepleiar frå kl 08 - 22 alle dagar, heile året.
På natt kl 22 - 08 blir telefonummer til legevakta besvart av sjukepleiar ved Tinn legevakt, som ved behov formidlar kontakt med vaktlegen i Tokke - Vinje legevaktdistrikt. Vårt vaktdistrikt har lege i vakt heile døgnet.

Sjukepleiar ved legevaktsentralen svarar på alle henvendelsar frå publikum.
Nødvendige tiltak som konsultasjon eller sjukebesøk frå vaktlege, og/eller kontakt med AMK -sentral / rekvirering av ambulanse vil bli iverksett.
Sjukepleiar gjev også medisinsk råd og rettleiing på telefon.

Av og til treng du å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du sjølv oppheld deg, til dømes dersom du ringer for eit familiemedlem. Alle legevaktene har difor eit eige nummer dei også kan kontaktast på, for Tokke – Vinje legevakt er dette nummeret framleis 35 06 25 55.

Ved alvorleg skade/akutt sjukdom - ring medisinsk nødtelefon 113.

Informasjonsbrosjyre - "Korleis nyttar du legevakta best"

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk