Pedagogisk-psykologisk teneste
Generelt
PP-tenesta heiter eigenleg pedagogisk-psykologisk teneste og hjelpar skulen med å gje tilpassa opplæring til elevane.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering – ein såkalt sakkyndig vurdering – kvar gong skulen treng å finne ut om ein elev treng tilpassa opplæring.
Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.
PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:
-
Søknad om tidleg eller utsett skulestart
-
Spesialpedagogisk hjelp
-
Spesialundervisning
-
Fritak frå opplæring
-
Punktskriftopplæring
-
Teiknspråkopplæring
-
Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
-
Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
-
Utvida opplæringstid i vidaregåande skule
Vest Telemark har felles PP-teneste
Vest-Telemark PPT
Målgruppe
Born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Vilkår
Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Brosjyrer
Lovar og retningsliner
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Sjå:
barnehageloven § 19 a Rett til spesialpedagogisk hjelp
opplæringslova § 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste
forskrift til opplæringslova, kapittel 5 Klage på vurdering
Søknadsprosessen
Rettleiing
Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.
Søknadsfrist
Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Søknadmottakar
Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
Behandling
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.
Behandlingstid
Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Merknadar
Når born får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når born blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.