Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Abortsøknad - før tolvte svangerskapsveke

    Generelt

    Abortlova gir deg rett til å krevje abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar).

    Abortlova gjev deg rett til å krevje abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Du kan sjølv søkje om abort. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen, du kan ta direkte kontakt med eit sjukehus som har gynekologisk avdeling.

    Når du kontaktar lege, helsestasjon eller sjukehus, må dei vite dato for første dag i siste menstruasjon. Du treng ikkje grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil ta imot rettleiing eller råd.

    Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå.

    Legen skal òg gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.

    Vilkår

    Du tek sjølv den endelege avgjerda, såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.

    Brosjyrer

    Kontaktavdeling

    Vinje helse og omsorg

    Telefon35 06 23 00
    Nettadressehttp://www.vinje.kommune.no/
    PostadresseVinjevegen 192 3890 VINJE
    BesøksadresseVinje helsesenter, Vinjevegen 212 Inngang B, 1. etasje

    Lovar og retningsliner

    Abortloven § 2

    Søknadsprosessen

    Behandling

    Legen skal vurdere kor langt du har kome i svangerskapet. Kan inngrepet bli utført før utgangen av den 12. svangerskapsveka, skal legen straks sende kravet om svangerskapsavbrot til det sjukehuset eller institusjonen der inngrepet skal utførast. Legen skal òg utføre nødvendige kliniske undersøkingar, setje opp eit skriftleg samandrag av kliniske funn og andre relevante og nødvendige medisinske opplysningar og sende samandraget til sjukehuset eller institusjonen saman med kravet ditt.

    Behandlingstid

    Sjukehuset eller institusjonen som er godkjend for å utføre svangerskapsavbrot, skal behandle krav om svangerskapsavbrot og eventuelt utføre inngrepet så raskt som mogleg.

  • Gravide rusmiddelmisbrukarar - bruk av tvang

  • Svangerskapsomsorg

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk