Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flytting til Vinje

Kommunen ynskjer å motivere studentar til å melde flytting til Vinje kommune, slik at me kan gje studentane enda betre servicetilbod og tenester under heile studietida.
Kvart år vil det vera ein kampanjeperioden i tidsrommet 1. august – 1. november.

Studentar som melder flytting til Vinje i kampanjeperioden får eit gåvekort til kjøp av sykkel og hjelm på kr 7 000,-. Kriterier for å få tilskot er:

  • Du må vere student og kunne legge fram gyldig studentbevis
  • Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Vinje kommune etter 1. august det aktuelle året, og må kunne legge fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Vinje kommune
  • Du forpliktar deg til å ha bustadadresse i Vinje kommune under heile studietida
  • Registreringsfrist: 1. november det aktuelle året.

Dette får du når du melder flytting til Vinje kommune:

  • Stemmerett i Vinje, slik at du kan påverke politikken
  • Betre kommunale tenester ved at kommunen får økte økonomiske rammer per nye innbyggjar
  • Gavekort til kjøp av sykkel og hjelm til ein verdi av kr. 7 000,-

Slik melder du flytting til Vinje kommune

  1. Gå inn og registrer flytting via nettsidene til Skatteetaten
  2. Etter omlag ei veke vil du motta brev frå Skatteetaten om at di nye adresse er registrert
  3. Fyll ut registreringsskjema og send denne, sammen med bekreftelse på flytting og gyldig studentbevis til postmottak@vinje.kommune.no
  4. Du vil innen fire veker motta ei stadfesting av di registrering og samstundes eit gåvekort på sykkel og hjelm.

Registreringsskjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk