Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Personvernerklæring

Personvernerklæringa handlar om korleis Vinje kommune samlar inn og brukar informasjon om besøkande på nettstadane våre. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningsloven §19), og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven §18, 1.ledd).

Vinje kommune, ved rådmannen, er behandlingsansvarleg for verksemdas behandling av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å oppgje personopplysningar i samband med å nytte del- og tipstenesta. Handsamingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindra anna er spesifisert.

Webanalyse og informasjonskapslar

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser me på brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar me analyseverktøyet Google Analytics (www.google.com/analytics).

Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukarens datamaskin) som registrerer brukarens IP-adresse og som gjev informasjon om den einskilde brukar si rørsle på nett. Eksempel på kva statistikken gjev oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstadar brukarane kjem i frå og kva nettlesarar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at me kan knyte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som einskild person.

Informasjonen vert samla inn av Google Analytics, og vert lagra på Googles serverar i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Googles retningsliner for personvern (www.google.com/intl/no/policies/privacy).

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi den kan sporast attende til ei bestemt maskinvare og dermed til ein einskild person. Vinje kommune brukar Google Analytics sin sporingskode som anonymiserer IP-adressa før informasjonen vert lagra og bearbeidd av Google. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa brukast til å identifisere den einskilde brukaren.

Søk

Vinje kommune lagrar informasjon om kva søkjeord brukarane nyttar på nettstaden vår i Google Analytics. Formålet med lagringa er å gjera informasjonstilbodet vårt betre. Brukarmønsteret for søk vert lagra i aggregert form. Det er berre søkjeordet som vert lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som IP-adressene.

Del/tips-tenesta

Funksjonen "del på .." kan nyttast til å viderasende lenker til nettstaden på e-post, eller til å dele innhaldet på sosiale nettsamfunn. Opplysningar om tips vert ikkje logga hos oss, men vert berre brukt der og då til å leggje inn tipset hos nettsamfunnet. Me kan ikkje garantere at nettsamfunnet ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør nyttast med omhu. Dersom du nyttar e-posfunksjonen, brukar me berre dei oppgjevne e-postadressene til å sende meldinga vidare utan noko form for lagring.

Side- og tenestefunksjonalitet

Det blir nytta informasjonskapslar i drift og presentasjon av data frå nettstaden. Slike informasjonskapslar kan innehalde informasjon om språkkode for språk brukaren har valt. Det kan vera informasjonskapslar med informasjon som stettar om lastbalanseringa av systemet, slik at alle brukarane blir sikra ei best mogleg oppleving. Ved tenester som krev innlogging eller søk, kan det bli brukt informasjonskapslar som sikrar at tenesta presenterer data til rett mottakar.

Korleis handtere informasjonskapslar i nettlesaren 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk