Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Dagtilbod - aktivitetstilbod

  • Kulturskule

    Kulturskule

    Generelt

    Musikk- og kulturskule er eit tilbod til skuleelevar. Kommunen driv og eig skulen.

    Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

    Kven vert teke opp som elevar?
    Prioritering ved opptak er:
    1. Elevar som har plass frå før
    2. Elevar frå grunnskulen
    3. Elevar frå vidaregåande skule
    4. Vaksne
    5. Søkjarar frå andre kommunar

    Kor gamal bør eleven vere?
    Eleven bør vere 7 år, dersom det ikkje er gruppeundervisning.

    Instrumentutlån
    Me har ein del instrument til utlån for dei som ikkje har instrument sjølve. Dette er gratis.
    Det gjeld fele, langeleik, fløyte, keyboard, gitar, trekkspel og messingblåseinstrument.
    Du tek kontakt med rektor eller læraren din på instrumentet for å leige instrument.
    Det vert skrive ei leigeavtale.

    Her finn du meir informasjon om kulturskulen i Vinje

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule

    Vilkår

    Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

    Brosjyrer

    Lovar og retningsliner

    Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge. Se opplæringslova § 13-6 Musikk- og kulturskoletilbod

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Oppseiing av plass
    For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg før 1. juni.
    For vårhalvåret må du sei opp skriftleg før 1. desember. Om du ikkje gjer det må du betale semesteravgifta for det halvåret og.
    Det er ikkje faste skjema for dette, du skriv bare eit enkelt brev. Du treng ikkje grunngjeva kvifor du sluttar.

    Skjema

    Søknadsfrist

    Fortløpande opptak så lenge det er ledige plassar.

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

     

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk