Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturprisen

Vedtekter for kulturprisen i Vinje
Vedtatt i Oppvekst- og velferdsutvalet 24.10.2012

  1. Kulturprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
  2. OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
  3. Eining for kultur legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og vurderast.
  4. Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 01.12. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, som ein sender til Eining for kultur
  5. Ein kan få kulturprisen for framifrå dugleik innom ei eller fleire greiner i kunst – og kulturarbeid. Ein kan og få kulturprisen for framifrå kulturarbeid innafor lag- og organisasjonsarbeid.
  6. Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 20.000,- .
  7. Prisen kan ikkje delast, men ein kan gje den til ein familie eller eit ektepar.

Ordførar i samarbeid med prisvinnar avgjer korleis kulturprisen skal delast ut. Utdelinga kan skje på eit kommunestyremøte eller eit høveleg ope arrangement i regi av Vinje kommune. 


Tidligare prisvinnarar

 År Namn 
2017 Vinje historielag
2016 Vegard Eivind Omdal
2015 Vinjeutstillinga
2014 Birger Kjelingtveit
2013 Ingebjørg H. Bratland
2012 Harald Rishovd
2011 Vesla Landsverk
2010 Harald Aasland
2009 Terje Håkonsen
2008 Tor Strømme
2007 Liv Lofthus
2006 Arne Martin Solbjør
2005 Malvin Paulsen
2004 Odd Nordstoga
2003 Einar Tjønn
2002 Aasne Djuve Edland
2001 E-76
2000 Johan Vaa
1999 Karstein Brekke
1998 Eli Vesaas
1997 Ragnvald Christenson
1996 Rauland historielag
1995 Søndagskulearbeidet i Vinje kommune
1994 Sven Oluf Sørensen
1993 Ågot og Olav Storlid
1992 Thora Vaa
1991 Ellen Nordstoga
1990 Miling Svalastog
1989 Halbjørg og Dag Strøm
1988 Tarjei Romtveit
1987 Knut Skinnarland
1986 Sondre Bratland
1985 Øystein Kostveit
1984 Margit Groven
1983 Bjarne Solbu
1982 Haldis Moren Vesaas
1981 Tarjei Kramviken
1980 Vinje songlag


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk