Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Reiseliv

Reiselivet og anna næringsliv er organisert gjennom ulike nærings- og reiselivslag. Rauland Turist, Reisemål Haukelifjell, Vågslid grunneigarlag og Vinje næringslag. Dei organisatoriske tilhøva ligg dermed godt til rette for ei positiv utvikling som ein kan byggja vidare på.

Det er store anlegg i Vinje kommune, særleg for vinterturisme, fleire hotell og no fleire hytter enn det er innbyggjarar. Reiselivet er godt organisert og i særs god vidare utvikling. Det skuldast systematisk arbeid gjennom mange år.

Rauland Turist AS er, med Vinje kommune som hovudaksjonær, kommunen sitt destinasjonsselskap. Rauland Turist er og ei medlemsbedrift for reiselivsverksemder og reiselivsrelaterte næringsverksemder.

Vinje kommune finansierer kostnader knytt til å ha heilårleg turistkontor knytt til Rauland Turist AS. I tillegg delfinansierer kommunen løypekøyring i fleire delar av kommunen.

Innanfor reiselivet samarbeider Vinje med fleire kommunar, både med Vest-Telemarkkommunane, men og mot Tinn og Kongsberg-regionen. 

Vinje kommune ligg sentralt til i Sør-Noreg med gode kommunikasjonsmogleghetar både kollektivt og med privattransport. E134 går gjennom kommunen og Åmot er knutepunkt for ekspressbussar i Sør-Noreg. 
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk