Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fritidskøyring med snøskuter

Heimel: Motorferdsellova §4a

Vinje kommune har eit eige løypenett for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne nytte seg av løypenettet må ein ha eit personleg køyreløyve. Følgjande køyreløyve kan bli gitt for fritidskøyring i snøskuterløypenettet:
1. Årsløyve
2. Døgnløyve
3. Turistløyve

Bruken av snøskuterløypene

Ta omsyn til skigåarar og andre personar. Det skal vera redusert fart i nærleiken av hytter, skiløyper, bustader og langs private køyrevegar. Det skal vera full stopp og vikeplikt ved kryssing av skispor og offentlege vegar. Skutersjåførar må ha gyldig løyve, førarkort for snøskuter og skuteren må vera registrert. Køyreløyvet må alltid vera med under køyring. Løypene blir opna etterkvart som dei blir stikka og merkte. 

Her finn du oversikt over løypene som er opne.

Klikk her for å laste ned oversiktskart over løypene. 

Klikk her for å lese forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter i Vinje kommune.


Løypene blir stengde når is- og snøforhold tilseier det, seinast fyrste måndag i mai. Rasting er lov opptil 30 meter rett ut frå traseane, der ikkje forbod er skilta. Det er ikkje tillate å køyre parallelt med løypene. Løypene kan berre nyttast av snøskuter, ikkje ATV med belte eller andre køyretøy. Generell øvre fartsgrense er 70 km/t. Med slede utan passasjer er maksimal fart 60 km/t, og med passasjer maks 40 km/t. All ferdsel skjer på eige ansvar! 

Alle må vera merksame på at tilhøva på isen og i skredfarleg terreng kan endre seg i løpet av vinteren. Det blir gjort regelmessige kontrollar, men tilhøva kan endre seg oftare enn kontrollane. Nyttige sider for å vurdere tryggleik er: 

Klikk her for iskart frå NVE.

Klikk her for snøskredvarsel frå varsom.no. 

Meld i frå om utrygge område til ein av snøskuterklubbane.

1. Årsløyve

Dei som vil kjøpe årsløyve må vera godkjent medlem av Haukeli Skuterklubb, Møsstrond Snøscooterklubb eller Rauland Snokuterklubb. Køyring er tillate mellom klokka 05.00 – 24.00. 
Klikk her for årsløyve. Vel sesongløyve for medlemmer. Eventuelt fylgje du linken du får frå skuterklubben du er godkjent medlem av.

Pris: kr 1 020,- (inkl. servicegebyr kr 20,-)
Det kan gjevast opp til 400 årsløyve til fritidskøyring med snøskuter i løypenettet.

Løyve til grunneigar
Ein heimelshavar på kvar eigedom som løypenettet kryssar har rett på eitt gratis årsløyve. På eigedomar med fleire heimelshavarar må grunneigarane sjølve bli samde om kven som skal ha køyreløyvet. Det er krav til medlemskap i ein av skuterklubbane i Vinje for å få løyvet. Dersom grunneigaren sjølv ikkje ynskjer å stå som løyvehavar, kan løyvet bli utskrive til den som blir gjeven fullmakt av grunneigar.

2. Døgnløyve

Døgnløyva gjeld frå den datoen som stend i løyvet frå klokka 05.00 – 24.00. 
Klikk her for ein dags løyve
Klikk her for todagars løyve
Klikk her for tredagars løyve

Pris: kr 270,- pr. dag (inkl. servicegebyr kr 20,-)

3.Turistløyve

Reiselivsbedrifter kan søkje kommunen om turistløyve.  Turistløyve gjev rett til at ein guide kan fylgje opptil 10 skuterar om gongen. Guiden må ha førarkort klasse S, bedrifta må ha løyve frå Statens vegvesen sitt regionkontor for å arrangere gruppeturar med deltakarar som ikkje har førarkort klasse S. Før alle turane skal alle deltakarane gå gjennom opplæring i bruk av snøskuter og ein sikkerheitsgjennomgang.
Gruppeturar er berre lov langs trasé 1,2 og 6 mellom klokka 09.00 og 19.00. 

Pris: kr 10 000,- 


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk