Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Løyve til transport til kommunens hytter Berunuten, Fjarefit og Smerheller

Innbyggjarar i Vinje kommune kan søkje om løyve til 4 turar til Berunuten, Fjarefit og Smerheller.
I tråd med kommunestyrevedtak 14.12.18 blir utskriving av løyve fakturert med kr. 150.

I samband med rehabilitering av dammane i Songa i perioden 2017-2020, vil Songavegen bli periodevis stengt på grunn av anleggstrafikk. Statkraft skal ha vinterdrift delar av vinteren 2018 og vegen vil difor vera stengt for allmenn ferdsel frå snøen kjem og fram til 1. februar.

Traseen som nyttast til kommunens hytter til Berunuten, Fjarefit og Smerheller fylgjer løype 6 langs Songavegen i kommunens løypenett for fritidskøyring for snøskuter.

Dersom ein har løyve til kommunens hytter på Berunuten, Fjarefit og Smerheller kan ein ikkje nytte dette før løype 6 har opna. Løype 6 kan opnast 1. februar, om forholda tilseier det. Løypene kan berre brukast når heile traseen er dekt av berande vintersnø.
Løypa skal stengast dersom snødekket er så tynt at terrenget under tek skade. Ein viser elles til vedtak i planutvalet sak 17/183- 22.11.2017.

På grunn av det pågåande arbeidet til Statkraft vil øvste del av løypa bli lagt noko om. Dette vil bli illustrert i kart i utskrivne løyve.

Vedtak i planutvalet sak 17/183

Søknadsskjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk