Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Beverforvaltning

Det blei opna for jakt og fangst etter bever i 1992 i Vinje.

Forvaltninga av bever er i store trekk overført til grunneigarane sjølve. I 2001 fekk Vinje utarbeid eigen forvaltningsplan for bever basert på feltregistreringar sumaren/hausten 2000. Rapporten legg opp til å nytte dei etablerte driftsplanområda for elg som forvaltningsområde, dette er naturlege avgrensingar som i store trekk også vil fungere i forvaltninga av bever.

Ei vassdragsvis forvaltning er «umogleg» å gjennomføre fordi kommunen består av eit utal av små bekkar og vatn.

Bevervald i Vinje

   
Vald 1
Rauland driftsplanområde
(10 jaktfelt/lag)
Vald 2
Nedre Vinje driftsplanområde
(4 jaktfelt/lag)
Vald 3
Øyfjell driftsplanområde
(5 jaktfelt/lag) 
Vald 4
Bøgrend – Ytre Vinje driftsplanområde
(11 jaktfelt/lag)
Vald 5
Bøgrend – Grungedal driftsplanområde
(6 jaktfelt/lag)
Vald 6
Øvre Vinje driftsplanområde
(20 jaktfelt/lag)


Beverbestanden

Tilgjengeleg beverhabitat i Vinje er 1098 km2, det same som teljande elgterreng. Forvaltningsplanen konkluderte i 2001 med at det er 48 aktive beverkoloniar i kommunen og dette tilsvarar om lag 192 individ. Dette gjev ein tettleik på 0,04 aktive koloniar pr km2, noko som er svært lågt. På bakgrunn av takseringa er ei årleg kvote på 48 dyr vurdert som forsvarleg i Vinje. Dette tilsvarar eit uttak på eit dyr pr. koloni.

Jakttrykket har i alle år vore lågt i kommunen. Bever er ein ressurs som vi bør taka betre vare på og kommunen vil derfor oppfordre grunneigarane om å nytte denne ressursen betre.

Sjå forvaltningsplanen her.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk