Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinje viltråd

Vinje Viltråd vart etablert 17. februar 2009.

Vinje viltråd, mandat - samansetjing - ansvarsområde 
Vinje viltråd er samansett av leiarane for storvalda i kommunen, representant for administrasjonen i kommunen og representant frå Plan- og miljøutvalet (PLM). Rådet er styret for Vinje bestandsplanområde.

Viltrådet konstituerar seg sjølv med omsyn til leiar og sekretær kvart tredje år, samstundes med rullering av bestandsplanane.

Viltrådet utarbeider overordna forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr i Vinje kommune. Planen skal innehalde: Mål for bestanden av dei 3 viltartane. Likt regelverk (ved jakt) for heile kommunen. Lik praksis for teljande areal for heile kommunen.

Planen skal leggast fram for PLM for godkjenning.

Viltrådet godkjenner bestandsplanar dersom dei er i samsvar med overordna forvaltningsplan for kommunen.

Viltrådet evaluerar/rullerar den overordna forvaltningsplanen etter utløp av kvar planperiode, slik at nye bestandsplanar kan samordnast med denne.

Kommunen ved PLM er ankeinstans for vedtak i viltrådet.

Rådet har desse medlemane i perioden 2015 - 2017:

Rauland storvald Erik Nystog 3864 Rauland medlem
Nedre Vinje storvald Geir Magne Våle 3890 Vinje medlem
Øyfjell storvald Tor Åge Dale 3890 Vinje medlem
Bøgrend-Ytre Vinje storvald Bjørn Kleiv 3890 Vinje medlem
Bøgrend-Grungedl storvald Håvard Sveinsen 3890 Vinje medlem
Øvre Vinje storvald Halvor Loftsgarden 3864 Rauland leiar
Tangen storvald Bjørn Killingtveit 3864 Rauland medlem
Møsstrond Nord storvald Johan Vaa 3864 Rauland medlem
Plan- og miljøutvalet Tone Edland 3895 Edland medlem
Vinje kommune Lasse Mathisen 3890 Vinje sekretær


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk