Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Langtidsopphald i sjukeheim

Vinje kommunestyre vedtok i møte 22. juni i år lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgnstenester, kriterie og ventelister.

Bakgrunnen for at denne forskrifta har kome på plass er lovendringar i pasient- og brukarrettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova. Lovendringane tredde i kraft frå 01.01.2017, og kommunane fekk ansvar for å utarbeide lokal forskrift innan 01.07.2017.

Kommunane har gjennom lovverket ansvar for å sikre at innbyggjarane får naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Tildeling og eventuelt avslag på søknad om opphald ved sjukeheimen og omsorgssentra er enkeltvedtak som det kan klagast på. 

Den nye forskrifta skal bidra til å sikre pasientar og brukarar sine rettar i høve til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester når dei har behov for det. Forskrifta skal også skildre korleis kommunen sikrar forsvarleg oppfylgjing av personar som  står på venteliste til slike tilbod. Målet er god kvalitet og leggje til rette for innsyn utan at dette går ut over personvern og teieplikt. 

Forskrifta omfattar fylgjande tilbod i Vinje

• Vinje sjukeheim - langtidsavdeling
• Rauland omsorgssenter
• Norheimstunet omsorgsenter (med unntak av bustader eigd av Flatlandslegatet)

Forskrifta finn du her.

Venteliste finn du her - denne blir oppdatert kvar veke og ved endringar. Pr i dag er det ingen på venteliste.

Kontaktavdeling er Koordinerings- og tildelingskontoret tlf 35 06 25 54.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk