Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sjølvkostrekneskap kommunale tenester

Vassforsyning, avløpshandtering, feiing, renovasjon, byggesak mm blir finansiert heilt eller delvis gjennom gebyra frå innbyggarane (og andre eigarar av hus, fritidshus, næringsbygg mm). Den øvre ramma for gebyrinntektene frå innbyggarane er sjølvkost. Sjølvkost er den totale auken i kostnader kommunen får ved å produsere ei bestemt vare eller teneste. Kommunen har altså ikkje høve til å ta meir betalt for tenesta frå innbyggarane enn kva det faktisk kostar å levere den.

Kommentarar til note 15 – Sjølvkostområde VARF (vatn, avløp, renovasjon og feiing)

A.     Direkte kostnader. Kommunen sine direkte utgifter til vatn og avløp er personalutgifter og kjøp av varer og tenester til drift av vassverk, trykkaukestasjonar, reinseanlegg, pumper, og leidningar. Utgangspunktet skal vere alt som er ført i rekneskapen på KOSTRA-funksjonane 3400 og 3450 som gjeld vatn og 3500 og 3530 som gjeld avløp.

B.     Indirekte kostnader. Indirekte utgifter er utgifter som ikkje blir ført direkte på tenesta (KOSTRA-funksjonane 3400, 3450, 3500 og 3530) i rekneskapen, men som likevel er naudsynte for å utføre tenesta. Døme er kostnader til sentralbordtenester, økonomitenester, rekneskapstenester osv.

C.     Kapitalkostnader. Alternativkostnad er eit uttrykk for den avkastninga kommunen kunne ha oppnådd ved å plassere pengar tilsvarande investeringsbeløpet i marknaden. Det er ei såkalla kalkylerente som blir brukt for å berekne denne alternativkostnaden. I følgje rettleiaren for berekning av sjølvkost skal ein nytte 5-årig swaprente5 pluss eit tillegg på ½ prosentpoeng. Informasjon om kalkylerenta ligg på Kommunalbanken sine heimesider og for 2016 er den sett til 1,684 %. Vinje kommune nytta slik kalkylerente i 2016.

D.     Avskrivningar. Den total summen for av avskrivingane inngår i etterkalkyla. Det vert lagt til grunn lineære avskrivningar avhengig av kva anleggsmiddel ein legg til grunn.

E.      Andre inntekter. Dette kan vere inntekter frå til dømes erstatningar, anleggsbidrag mm

F.      Gebyrgrunnlag. Dette grunnlaget seier noko om kva kostnader kommunen kan krevje dekka ved sjølvkost.

G.     Gebyrinntekter. Dette er gebyrinntekter frå abonnentane.

H.     Årets finansielle resultat. Dette er Gebyrgrunnlag – Gebyrinntekter. Er det finansielle resultatet negativt skal overskotet førast på sjølvkostfond – er det finansielle resultatet positivt skal sjølvkostfond nyttast til dekning av underskot.

I.       Sjølvkostfond. Overskot på sjølvkosttenesta skal bli sett av på fond. Sjølvkostfond skal brukast til å dekke underskot på sjølvkosttenesta innan fem år. Det skal bereknast kalkulatoriske renter på avsette fondsmidlar.

Sjølvkostområde plansak/byggesak/oppmåling

Sjølvkostområde VARF (vatn, avløp, renovasjon, feiing)

Berekning av kapitalkostnader sjølvkostområde

Sjølvkostfond

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk