Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flexirutetilbodet

Flexiruter er eit transporttilbod for alle, særleg tilrettelagt for deg med lettare funksjonshemmingar eller aldersrelaterte lidingar.

Du må melde deg på innan kl.15 dagen før eller innan kl. 08:30 samme dagen til Telemark Bilruter for rutene Nesland og Rauland. For rutene Arabygdi, Edland og Vinjesvingen må du melde deg på innan kl. 20 dagen før til Bratland Buss.

Treng du ekstra service, må du melde frå om dette ved påmeldinga. Gje beskjed om du skal ha med rullator eller rullestol. Ynskjer du å bli henta heime og køyrt tilbake til heimen, må du sei ifrå om dette ved påmeldinga. Ved påmeldinga får du beskjed om tidspunkt for avgang/henting.

Prisen er 35 kr kvar veg.

Flexirutene køyrer heile året, men ikkje på heilagdagar. Bagasje og anna utstyr kan takast med så langt bilen har kapasitet. Dersom bilen ikkje har plass til alle påmeldte, køyrer transportøren ein ekstratur. Dei som melder seg på etter fristen (dagen før kl 20) kan bli med om det er plass, men det vert ikkje køyrt ekstra- tur.

Alle Flexi- og skuleruter tek med ordinære reisande.

 

Her køyrer Flexiruter i Vinje

























 



































































































































 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk