Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale vegar

Det er omlag 88 km med kommunale vegar i Vinje. Vegnettet inneheld både asfalterte vegar, vegar med oljegrus og vegar med grusdekke.

Sommarvedlikehald 
Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av kommunens eigne mannskap og maskiner, men når det er trong for det vert lokale entreprenørar leigd inn.

Vintervedlikehald
Vintervedlikehaldet vert utført av både eige mannskap og maskiner og innleigde entreprenørar. Brøytinga vert innleigd bortsett frå i Åmot der kommunen sjølv utfører mesteparten av brøytinga. Strøyinga vert utført av kommunen sjølv bortsett frå i Edland/Haukeli og på Rauland.

Oversikt over rodar og brøytarar sesongen 2015/2016 - 2018/2019

Teleløysing
 
I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg. Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det vert i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar anna enn buss i rute og renovasjonsbil.

Kråmvikvegen
Kromvikvegen på Rauland er ikkje open vinterstid. I Fylkesdelplan Hardangervidda Aust er det bestemt at Kromvikvegen ikkje skal opnast for offentleg ferdsel før 1. juni. Dersom den vert oppbrøytt før 1. juni skal den vera stengt med bom. Det vert ikkje gjeve dispensasjon.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk