Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • KvaLagt inn avKvarDatoMeir info
    Litteraturdagane i Vinje - så nær kan du sjå megsigne m. k.Vinje biletgalleri28.08

    I dag, 28. august kl. 13.00 på Vinje biletgalleri

    kl. 13.00 så nær kan du sjå meg
    Poesikonsert med Stein Versto, Odd Nordstoga
    og Marit Karlberg
    Programleiar: Aud Groven

    Gudsteneste i Grunge kyrkjeReidunGrunge kyrkje 04.09

    Søndag 4. september kl. 11.00 på Grunge kyrkje

    Gudsteneste på FalkerisetReidun04.09

    Søndag 4. september kl. 12.00

    Gudsteneste i Vinje kyrkjeReidunVinje kyrkje04.09

    Søndag 4. september kl. 17.00 på Vinje kyrkje

    Erik Hokkanen & Lumisudet til RaulandPer Å. O.Kaffibaren, Rauland07.09

    Onsdag 7. september kl. 20.00 på Kaffibaren, Rauland

    Erik Hokkanen (vokal, fele, gitar)
    Petri Hakala (mandolin, gutar)
    Arto Järvelä (fele, perkusjon)
    Tapani Varis (bass, munnharpe)

    Ei heilt spesiell hending på konsertfronten denne onsdagen: Erik Hokkanen er tredje generasjons finsk, fødd i Clearwater, Florida og speler det meste, inkludert old-time og bluegrass. Saman med tre toppmusikarar frå Finland, inkludert raulandsvenen Arto Järvelä, serveres ei spesialblanding av etno-swing, amerikansk og skandinavisk dansemusikk.

    Vikingtid i Telemark - foredrag v/Anders Kvåle RueNils K. R.Vinjehuset , regionalt kulturhus14.09

    Onsdag 14. september kl. 19.00 på Vinjehuset , regionalt kulturhus

    Vikingtida er i vinden som aldri før, i artiklar, på utstillingar, som TVseriar,
    og på film. I Noreg forbind me vikingtida mest med Vestlandsfjordane,
    Trøndelag og Vestfold. Men har vårt eige fylke ein vikingarv?
    - Ja, seier Anders Kvåle Rue, leiar av vikingggruppa “Olavs Menn”. – Dei
    arkeologiske funna frå vikingtida er rike og spennande i vårt fylke, og
    også i sagatekstene finn me Telemarkingane. Men Telemark sin vikingkultur
    har alltid kome i skuggen av 1800-talskulturen, med bunader,
    hardingfele og rosemåling.

    I foredraget sitt vil Rue vise bilete frå dei rike vikingtidsfunna rundt om
    i fylket vårt, og lyfte fram personar og hendingar frå Telemark sin
    spanande vikingarv. Rue vil og vise den spesielle tilknytninga Vinje har til
    vår vikingarv gjennom dei store funna som er gjort på Møsstrond, så her
    blir det spanande lokalhistorie.

    Foredraget er ein del av Kulturminnedagen.
    Les meir på www.kulturminnedagene.no

    Gudsteneste i Møsstrond kyrkjeReidunMøsstrond kyrkje18.09

    Søndag 18. september kl. 12.00 på Møsstrond kyrkje

    Kvar song ei soge - ein film av Aslaug VaaNils K. R.Vinjehuset , regionalt kulturhus19.09

    Mandag 19. september kl. 16.00 på Vinjehuset , regionalt kulturhus

    Opp gjennom hundreåra har den munnlege songtradisjonen, eller kvedinga,
    hatt ein viktig plass i norsk kultur. Dette er ein film om dei som syng, som set
    pris på songen og fører vidare desse songane den dag i dag.
    I songen skapar folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, tett på Hardangervidda,
    meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og
    framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar
    og skaper historie. Slik blir kulturarven levande i kvardag og fest frå vogge
    til grav.

    Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om
    å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært,
    muntert og sorgfullt blir det i KVAR SONG EI SOGE fortalt om det å høyre
    til, reise bort og å lengte heim.

    Medverkande:
    Jon Inge Øverbø Særsland, Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove,
    Kjell Hove, Einar Øverbø, Inger Lien, Marthe Nordjordet, Jarle Nordjordet,
    Britt Karin og Halvor Nordjordet, Hillborg Romtveit, Trygve Vågen, Birgit
    Landsverk og Lars Erik Skjøtskift Øygarden.

    Denne filmen blir og vist på Nordheimstunet, Rauland omsorgsenter og
    Vinje sjukeheim der Aaslaug Vaa vil vera med og fortelje. Dato ikkje sett.
    Fylg med på “kva skjer” på www.vinje.kommune.no

  • Arealplanar

  • Andre kommunale planar

  • Politikk

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk